BERMÅLSTUNNELEN: Stengd i peridoar på fv53 mellom Fodnes og Årdal. (illustrasjonsfoto)

Her må du rekna med ventetid

Det er tid for vårpuss i tunnellane.

Publisert 13.06.2019 kl. 06.29. Oppdatert kl. 06.47.

 Det er framleis heilt stengd på fv 53 Årdal-Tyin, der det vert utførst sprengingsarbeid i samband med den nye Jåtelitunnelen.
Her er ikkje vegen farbar for tida, difor kan heller ikkje utrykningskøyretøy passera.
Vegvesenet tilrår omkøyring via E16 og Lærdal. Etter planen vert vegen opna fredag kveld.

På strekninga mellom Årdal og Fodnes er det varsla manuell dirigering frå torsdag kveld klokka 19 til kloka 07 fredag morgon grunna vedlikehaldsarbeid og tunnellvask
Rutegåande trafikk og utrykningskøyretøy kan passera.

På fv55 mellom Sogndal og Prestesteinsvatnet, er Ottatunnelen stengd i periodar på inntil ein time mellom klokka 13 og 19 tordag ettermiddag. Utrykningskøyretøy og rutetrafikk kan passera.

På same strekning er Røneidtunnelen stengd i periodar på inntil 30 minutt mellom klokka 08 og 18 i dag. Vedlikehaldsarbeidet her vil gå føre seg fram til 27.juni.

I tillegg er det manuell dirigering ved Fortun grunna veldikehaldsarbeid. Det er rekna med opp til 20 minuttars ventetid. Utrykningskøyretøy og rutetrafikk kan passera. Dette gjeld fram til klokka 20.00 fredag kveld.

 

På fylkesveg 55 ved Tussviktunnelen mellom Vadheim og Dragsvik er det også manuell dirigering og ein halvtimes ventetid mellom klokka 08 og 18 i dag. Fredag vert arbeidet avslutta klokka 15.00.
Dette vil vara ved fram til 28.juni.

På fv50 Aurland - Hol vert det asfaltert denne veka, noko som gjer at vegen kan bli stengd i inntil 30 minutt om gongen mellom klokka 07 og 200. Dette gjeld fram til fredag kveld.

I Flenjatunnelen går arbeidet med tunnelen framleis føre seg med manuell dirigering, følgjebil og stenging på inntil 90 minuttar måndag til fredag og dessutan søndag mellom klokka 22 og 06.

 


Siste saker Gå til framsida