FØLGJER DRAUMEN: Håvard Hetle (no 16) er ein av fem spelarar TV2 følgjer påvegenmot landslagsdraumen. (Foto:TV2)

Stortalentet Håvard (16) i knallhard konkurranse om skjør draum

Tv2-serie viser unikt innsyn i kampen for landslagsplassen.

Publisert 20.03.2019 kl. 07.58. Oppdatert kl. 06.32.

Serien «Våre neste menn» følgjer unge talent på vegen mot ein plass på landslaget og draumen om å bli proff. Sogndalspelaren Håvard Hetle er ein av fem U-landslagsspelarar sjåarane får bli kjend med gjennom tøffe uttak, sviande nederlag og store prestasjonar.

- Konkurransen om plassane er knallhard. Statistisk sett blir ein til to av 15.000 spelarar A-landslagsspelar. Serien viser ambisiøse unge gutar som følger ein skjør draum der skader, motstandarar og ein demotiverande statistikk jobbar mot dei, skriv TV2 i eit pressemelding.

 

SIGNERTE FOR SOGNDAL: I august i fjor signerte Håvard Hetle for Sogndal. Han er på utlån til Stryn medan han fullfører tiandeklasse. (Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball)

Gjev alt for draumen

- NFF har gjett oss unik tilgang til innsida av Noregs yngste landslag. Resultatet er at me blir kjend med fem ambisiøse fotballspelarar og får høyra historia deira. Mange meiner mykje om talentarbeidet i norsk fotball, denne serien let gutane sjølv fortelja, seier Vegard Jansen Hagen, sportsredaktør i TV2.

- Desse 15-åringane gjev alt for å oppfylla draume sin. Akkurat det trur eg mange kan kjenna seg att i og gje «Våre neste menn» ein brei appell blant både vaksne og unge i og utanfor fotballen.


Signerte for Sogndal

I programmet vert no 16 år gamle Håvard Hetle, opphavleg frå Breim, skildra som ein fysisk stor, uredd keeper som drøymer om å få spela for Sogndal.

Han signerte kontrakt i august i fjor, men var på utlån til Stryn sidan han skal fullføra tiandeklasse på Sandane før han kjem til saftbygda. Den kommande vårsesongen blir den første Hetle spelar for Sogndal.
Hetle vart tidlegare i vinter kåra til Årets fotballtalent i Noreg

Serien følgjer gutane gjennom landslagsåret og startar på talentleir i Saprsborg. Her kjempar 60 spelarar frå 2003-kullet om 20 plassar i første landslagstropp. Seinare er laget i Østerrike, Italia, Porsgrunn og Sverige, der dei får målt krefter med dei beste fra Europa.

Serien vert lansert i dag på TV2.no og TV2 Sumo.


Siste saker Gå til framsida