Alle fjellovergangane er opne

Publisert 05.03.2018 kl. 06.34.

Slik er vêr- og køyretilhøva på dei vinteropne fjellovergangane i Indre Sogn måndag morgon:


E16 Filefjell: Vekslande bart, snø- og isdekke. Klokka 05:35 var det minus 12 grader, lett bris og opphaldsvêr.


Riksveg 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke. Klokka 05:40 var det minus 10 grader, laber bris og opphaldsvêr.


Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Stadvis bart, snø- og isdekke. Klokka 05:15 var det minus 10 grader, lett bris og lett snø.


Fylkesveg 50 Aurland-Hol: Snø- og isdekke. Klokka 05:20 var det minus 12 grader, lett bris og lette snøbyger.


Fylkesveg 53 Årdal-Tyin: Vekslande snø- og isdekke. Klokka 05:30 var det minus 14 grader, lett bris og snø.


Oppdaterte vegmeldingar for Sogn og Fjordane finn du her.