GROVE BROT: Statens vegvesen avdekte grove brot på køyre- og kviletida under ein kontroll på Håbakken natt til onsdag. (Arkivfoto)

Fekk bot for overlast

Ein sjåfør måtte ut emd 6.050 kroner i gebyr for overlast på vogntoget etter ein kontroll på Håbakken natt til onsdag.

Publisert 28.02.2018 kl. 05.57.

16 køyretøy vart nærare kontrollerte av dei 82 som var inne på kontrollstasjonen på Håbakken.

Ein sjåfør måtte også ut med 8.000 kroner i gebyr for manglande obligatorisk bombrikke.

To norske sjåførar vart melde for grove brot på køyre- og kviletida.

Dette gjekk på manglande pausar, grove døgnkvilebrot og brot på dagleg køyretid.

Ein sjåfør fekk bruksforbod på grunnav ein teknisk mangel på luftfjøringa. Ei luftpute hadde eksplodert på ein aksling på semitralla.