(FIRDA:) Ifølge NRK skal ein mann og eit barn vere skadd. Dette stadfester Tormod Hvattum, tenestestadleiar for politiet i Stad, til Firda.
Omfanget av skadane er ukjent. Bergens Tidende melder at det er ein baby og vaksen mann som er skadd.
No jobbar politiet med å få oversikt.
– Vi må finne ut om det er nokon som har blitt tatt av raset og om det er fare for nye ras, seier Hvattum.
Til NRK fortalde han at skredet har nådd vegbana, og teke med seg nokre bilar og campingvogner.
20 personar innesperra
Politiet er på plass i Kjenndalen med store ressursar i samband med raset. Situasjonen er per no uoversiktleg, og politiet jobbar saman med dei andre naudetatane for å skaffe oversikt over omfanget, og om nokon er tatt av raset.
Cecilie Øversveen hos Hovudredningssentralen, fortel at 20 personar er innesperra på grunn av raset.
– Dette er enno ikkje verifisert.
Dei jobbar med å få evakuert personane.
Fjordingen melder om at personane blir evakuert med helikopter, og at eit ambulansehelikopter går i skyttel til og frå rasstaden.
Skredet skal vere 400 meter breitt.
– Det er ikkje stadfesta, men det skal vere eit stort skred, seier Øversveen.
Fire bilar tatt
Til Firda fortel Øversveen at dei veit at eit køyretøy var i nærleiken av raset, men skal ha kome seg ut.
Hvattum fortel til Bergens Tidende at fire biler er tatt av skredet, og at det skal ha vore folk i bilane.
– Det er usikkert om alle de er gjort greie for, seier han til BT.
Hundepatruljar er på veg med helikopter til staden for å gjere søk i raset så snart det er forsvarleg for mannskapa.
Vest politidistrikt styrer innsatsen på bakken, medan Hovedredningssentralen styrer operasjonen i lufta.