17-åringen blir i Sogndal

FORLENGA: Årdølen Sivert Heggheim Mannsverk har forlenga med Sogndal i tre nye år.

FORLENGA: Årdølen Sivert Heggheim Mannsverk har forlenga med Sogndal i tre nye år. Foto:

Sogndal har forlenga kontrakten med Sivert Heggheim Mannsverk.

DEL

Han blir i klubben ut sesongen 2022, skriv Sogndal Fotball på si nettside onsdag.

– Med denne avtalen, kan Sivert no fokusera heilt og haldent på Sogndal og landslaget, og han kan få ro til å utvikla seg i den rolla han er tiltenkt i dagens unge mannskap, seier sportsleg leiar i klubben, Håvard Flo.

Årdølen har vist ei god utvikling både for Sogndal og på landslaget førre sesong.

Så langt står 17-åringen med 18 offisielle kampar for A-laget, og ei skåring. Han var også kaptein og veldig sentral på G19-laget sin ferd i NM og Europacupen i fjor.

Som landslagsspelar står Mannsverk med 16 kampar, ni av desse spelte han i fjor.

– Sivert kan bli ein veldig god spelar, men han er ung og har ein del han må jobba med no framover. Hjå oss skal han få tid og ro, og slik me kjenner Sivert, veit me at han vil stå på 100 prosent. Me gler oss til å sjå han ta nye steg i åra som kjem, seier Håvard Flo.

Artikkeltags