16 gjekk vidare til fylkesmønstringa i UKM frå Sogndal og Luster

Ti sceneinnslag og seks kunstinnslag gjekk vidare til fylkesmønstringa i UKM Vestland 2020.

DEL

Arrangøren melder om ei fantastisk fin mønstring med mange flotte kunstverk og sceneinnslag innan både dans og musikk. Kring 250 personar kom for å sjå og høyra ungdommane frå Sogndal og Luster.

Vanskeleg jobb

Fagpanelet hadde ein vanskeleg jobb framfor seg då dei skulle plukka ut kven som skulle sendast vidare til årets fylkesmønstring for Vestland. Her er innslaga og kunstverka dei enda opp med å senda vidare.

Sceneinnslag

Chris Andre Hestetun Havnen med «Hurt» på nynorsk

Traktorvafler med «Bad guy» og «Life is a highway»

Fjøsnissane med «Sweet Child o’Mine»

Louise Tveito med «Fantazie» i D-moll på flygel

Kari, Anneli og Louise med song og dans til «Meghan Trainor-medley»

Passion med danseframsyning

Liva Åsnes Skjerdal med «Boys like you»

Seconhand Saints med den sjølvskrivne låten «Only home»

Hard to Live med «Suppe»

Anette, Louise og Kari med a capella song «Say a little prayer»

Kunstverk

Anette Menes «Maleri av dame» og «Maleri av gammel mann»

Emma Steinsland Hamre med «Jungel»

Idunn Auestad med «Andrej Sakharov» og «Blomstring»

Tuva Eikevik-Rue med «Friheit» og «Ny dag»

Meline Brandshaug med «Månen» og «In the Deep»

Håkon Elvekrok med «Svampens kunst»

Artikkeltags