FØR RESTAURERING: Slik såg selet på Nedstestølen ut før det vart transportert til Lom for restaurering. (Foto: Torunn Løne Vinje)

150.000 kroner til Ormelid

Stiftelsen UNI har innvilga økonomiske støtte til Stiftelsen Ormelid gard.

Publisert 31.10.2019 kl. 20.00.

Midlane skal gå til restaurering av selet på Nedstestølen.


Store skadar

UNI gjev økonomisk støtte til tiltak som vernar menneske og historiske bygningar.


Nedstestølen ligg i eit område som er freda i samsvar med kulturminnelova, men sjølve selet er ikkje freda.


Selet har store skadar på grunn av ein knekt berebjelke og står no i Lom for å verta reparert.


Nøktern restaurering

Bygget skal restaurerast på ein nøktern måte, og materialar og innreiing skal verta nytta om att i så stor grad det er mogleg. Småskadar skal stå att. Dette er for å kunna formidla stølen og selet si historie.


Målet er at selet kan takast i bruk til overnatting i forbindelse med arbeid på garden og utleige.


Ormelid er ein freda høgdegard i Fortunsdalen. Fredinga omfattar seks bygningar i tunet og kulturlandskap rundt på 850 dekar. Nedstestølen og Øvstestølen ligg i dette området.


Les meir om: Nyhende Kultur Luster