KRIGSFILM: Aage Aaberge i Nordisk Film er produsent på filmprosjektet som no har fått 15 millionar kroner. (Pressefoto)

15 millionar til filmprosjekt med Aage Aaberge: - Det er nøkkelen til finansiering av filmen

Det betyr at filmen om det største slaget på norsk jord nokon gong våren 1940 no vil bli realisert.

Publisert 07.02.2019 kl. 12.30.

Norsk filminstitutt har løyvd 15 millionar kroner til filmprosjektet «Narvik - Hitlers første nederlag».


Filmen er ein av to filmar som har fått tilskot gjennom marknadsordninga, ei tilskotsordning for filmar med spesielt høgt publikumspotensiale. I denne runden var det rekordhøge 18 søkjarar til denne ordninga, går det fram av ei pressemelding frå Norsk filminstitutt.


 


Filmen om hendingane i Narvik i 1940 er eit prosjekt som produsent Aage Aaberge frå Sogndal har utvikla for Nordisk Film, opphaveleg som TV-serie.


- Dramaet rundt Narvik i 1940 krev nok i utgangspunktet tv-serie formatet om ein skal få med alt frå sjøslag til fjellkampar og ikkje minst deltaking frå England, Frankrike og Polen i tillegg til alle dei norske som var involvert. Me satsa difor høgt og forventa å få på plass finansiering frå heile Europa til ein tv-serie, men undervegs i finansieringsarbeidet på møte rundt omkring i Europa måtte eg innsjå at det nok ikkje var mogleg å samla nok pengar. På dette grunnlaget gjekk me tilbake til våre kinofilmplanar, men me har framleis ikkje gitt opp planane om også å laga ein tv-serie, fortel Aaberge.


Hovedprodusent for filmen blir Aage Aaberge og Nordisk Film, med Storyline NOR som co-produsent. Regissør for filmprosjektet er Andre Øvredal og budsjettet er på 63 millionar kroner.


- Tilskot frå Norsk Filminstitutt er nøkkelen til finansiering av filmen, og dette betyr at filmen no vil bli realisert, opplyser Aaberge.


 


Les meir om: Kultur Nyhende Sogndal