13 hadde feil på lysa- ein førar meld til politiet

Statens vegvesen heldt kontroll fleire stader i Sogn tysdag ettermiddag.

DEL

Statens vegvesen gjorde 232 observasjonar for bruk av bilbelte på lette og tunge køyretøy tysdag ettermiddag og kveld.

Kontrollane vart gjort mellom Leikanger og Sogndal, på Kaupanger og i Gaupne og Hafslo.

Kontrollrapporten viser at alle 232 nytta bilbelte, noko vegvesenet kommenterer er svært gledeleg.

Mangla nærlys

Det i denne årstida er det fokus på lys og lysbruk, i tillegg til dekkutrusting. Under kontrollen vart 13 køyretøy tekne ut for feil med lys. Dette resulterte i åtte tekniske manglar på lys, i hovudsak manglande nærlys, men også mangel på lys på tilhengar, går det fram av kontrollrapporten.

Tre av desse køyretøya hadde så store manglar at dei ikkje fekk køyra vidare før lysfeilen vart ordna. Ein førar vart også meldt til politiet for å køyra bil med tilhengar der alt lys mangla på tilhengaren.

I tillegg fekk ein førar gebyr for dekk som var under lovleg mønsterdjupn på 1,6 mm og ein førar fekk gebyr for ikkje ha med seg førarkort.

– Sjekk dekka!

Statens vegvesen oppmodar alle som skal ut i trafikken no i haustmørke å sjekka lys og dekk på bil og tilhengar.

Hugs det er viktig å verta sett og forstått i trafikkbiletet, samt at veggrepet er godt på våte vegar, er oppmodinga frå vegvesenet.

Artikkeltags