11.000 fleire arbeidsledige i Vestland siste veka: – Ventar at utviklinga vil halda fram

– Norsk økonomi og den norske arbeidsmarknaden er inne i ei svært krevjande tid, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør for NAV Vestland.

DEL

Tysdag 17. mars var 18.400 personar i Vestland registrert som heilt ledige, ifylgje førebelse tal frå NAV.

Samanlikna med tysdag i førre veke har 11.000 fleire blitt registrert som arbeidsledige, ein auke på 152 prosent, melder NAV Vestland i ei pressemelding.

Vil halda fram

Summen av heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak er på 20.000 personar, eller 6 prosent av arbeidsstyrken.

– Norsk økonomi og den norske arbeidsmarknaden er inne i ei svært krevjande tid, og dette fører allereie til eit høgt tal permitteringar og dermed sterkt aukande arbeidsløyse, seier NAV-direktøren i Vestland. Og ho legg til:

– Slik situasjonen er, ventar me at denne utviklinga vil halda fram.

Permitteringar

Hovudtyngda av auken skuldast permitteringar.

Berre i løpet av måndagen kom det inn om lag 3.000 søknader om dagpermar ved permittering.

For å få dagpengar lyt ein fyrst registrera seg ledig og så senda og få innvilga søknad om dagpengar. Grunna behov for å samla dokumentasjon vil auken i dagpengesøknader ofte koma noko på etterslep på auken i ledigheit, og det er difor grunn til å venta at talet på dagpengesøknader vil halda seg svært høgt i dagane som kjem, opplyser NAV Vestland.

Størst auke i Aurland

Ledigheita aukar i heile fylket, men størst er auken i Aurland (407 prosent), Stryn (280 prosent) og Voss (265 prosent).

Auken har vore minst i dei minste kommunane, som Fedje og Modalen.

Bergen åleine har no 10.214 ledige, og det er meir enn heile Vestland fylke har hatt fram til no.

Kvinnene mest råka

Den største auken i ledigheita er for kvinner. Dette heng saman med kva yrkesgrupper som vert råka, og dei siste vekene har auken vore spesielt stor innan mellom anna reiseliv, serviceyrke og butikkarbeid.

Siste veka har talet heilt ledige kvinner auka med 6.000 eller 200 prosent, medan ledigheita for menn har auka med 5.000 personar eller 118 prosent.

Ledigheita er no på 5,7 prosent for kvinner og 5,2 prosent for menn.

Artikkeltags