107 personar har meld seg til teneste for Helse Førde: – Veldig hyggjeleg

MANGE VIL BIDRA: Etter at Helse Førde annonserte etter ekstraressursar i samband med korona- og beredskapssituasjonen, har 107 personar med varierande helsefagleg bakgrunn meld seg til teneste.

MANGE VIL BIDRA: Etter at Helse Førde annonserte etter ekstraressursar i samband med korona- og beredskapssituasjonen, har 107 personar med varierande helsefagleg bakgrunn meld seg til teneste. Foto:

Responsen på å bidra har vore god.

DEL

Etter at Helse Førde annonserte etter ekstraressursar i samband med korona- og beredskapssituasjonen, har 107 personar med varierande helsefagleg bakgrunn meld seg til teneste.

Det skriv Helse Førde i ei pressemelding laurdag.

– Veldig hyggjeleg

Folk med helsefagleg kompetanse ønskjer å gjere ein innsats i desse tider med unntakstilstand i helsevesenet.

– Det er veldig hyggjeleg at så mange ønskjer å stilla opp for å gjera ein innsats. Dette er ei blanding av alt frå svært erfarne fagfolk til folk som framleis er i ein studiesituasjon, seier HR-direktør Arne Skjelten i pressemeldinga.

Situasjonen i helseføretaket har så langt ikkje blitt så kritisk at ein må ta inn ekstraordinært mannskap, sjølv om over 90 tilsette no har heimekarantene på grunn av koronaviruset.

Tek kontakt ved behov

Søkjarane får no svar ut frå den rådande situasjonen, der føretaket takkar dei som har meld seg til innsats.

– Me står no i ei uoversiktleg og krevjande tid for helsevesenet, der det kan bli naudsynt med ekstra innsats. For tida har me ein stabil situasjon knytt til tal pasientar, og me klarer å drifta sjukehuset med dei me har tilsett. Me ønskjer gjerne å få ta kontakt med deg dersom behovet etter kvart endrar seg, og om me ser at du har ein kompetanse som kan vere naudsynt for oss. Tusen takk for at du har meld deg, står det i svarbrevet som går ut til dei 107 søkjarane.

Artikkeltags