- Unngå overraskingar - vask dekka

Publisert 17.03.2019 kl. 16.54.

Køyrer du på salta veg får dekka dine dårlegare veggrep. Saltet bind nemleg vegstøv og anna skit frå vegen. Det skriv NAF.

- Då blir det ei glatt overflate på dekka som gjer at du lettare mistar kontrollen når du kjem på snødekte eller isete vegar. Difor er det lurt å vaska dekka ofte, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

Om du ikkje får vaska dekka skikkeleg so ofte, meiner han det er  lurt å spyla dekka med reint vatn ofte.

- Eit godt tips er også å ha ein boks med dekkrens i bilen. Stopp på første stad det er mogleg når du kjem over på usalta veg, og spray rensen på dekka. Då får du ein tryggere tur dit du skal, seier Sødal.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk