TØFT: - Dette er tøffe tak for bonden, seier Andres Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. (Foto: Noregs Bondelag)

- Nedskalering av mjølkemengda blir tøff for bøndene

- Dette er ei veldig vanskeleg sak. Det er alvorleg å vera med på vedtak som reduserer norsk mjølkeproduksjon, og økonomien til den enkelte mjølkebonde.

Publisert 17.10.2019 kl. 17.45.

- Dei mjølkebøndene som får det tøffast er dei som nettopp har investert i ny fjøs og har høge lån.


Det seier Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.


Overflødig mjølk

Frå 1. juli 2020 fell støtta til eksport av Jarlsbergost vekk. 100 millionar liter mjølk som blir produsert i Norge blir overflødig. Dette svarar til 7 prosent av mjølka som vert produsert i landet, ifølgje Noregs Bondelag.


Jordbruket og regjeringa har i haust vore i prosess om korleis reduksjonen i mjølkeproduksjonen skal gjennomførast.


Felde fortel at prosessen er ei sluttføring av jordbruksforhandlingane i år, og målet har vore å finna ei løysing som skapar balanse i mjølkemarknaden.


- Det var viktig å få landa ei løysing slik at mjølkebonden kan starta å planlegga for nedskaleringa. Bondelaget er i denne situasjonen opptekne av å vareta ein mjølkeproduksjon over heile landet, frå både store og små gardar. Det meiner vi grepa i avtalen bidreg til.


Semje

Denne veka vart det semje mellom Norges Bondelag og regjeringa om korleis mjølkemengda i Norge skal reduserast framover.


- Avtalen slår fast fleire grep for å få til ein reduksjon. 40 millionar liter mjølk skal kuttast ved utkjøp av mjølkekvotar. Utkjøpsordninga gjeld berre for perioden 1. januar til 31. mars 2020. Kostnaden med utkjøpsordninga er berekna til ca. 550 millionar kroner.


Staten bidreg med 200 millionar kroner for å dekka kostnadane til dette tiltaket, resten av kostnaden må mjølkebøndene sjølve finansiera med omsetningsavgift.


Fleire verkemiddel

Sogn og Fjordane Bondelag er nøgde med at staten bidreg økonomisk, sjølv om dei gjerne skulle sett at ein kunne nytte fleire verkemiddel for å nedskalera mjølkeproduksjonen.


- I praksis blir det slik at mjølkebøndene i Vestland som ynskjer å selja kvoten sin må selja 80 prosent av kvoten til staten for 12,50 kroner, medan dei må selje 20 prosent av kvoten privat. Det er heilt avgjerande at det er sett tak på kor stort volum med mjølk som kan bli med i utkjøpsordninga, slik at me beheld den relative delen av mjølkeproduksjonen i kvar av regionane i landet, seier Felde.


Tøffe tak

- Bøndene har kome i denne situasjonen som følgje av politiske vedtak. Me har difor meint at det er rimeleg og naudsynt med statleg medfinansiering, noko det er bra me har fått til, seier Felde.


Den resterande mjølkemengda regulerast ved at kvar produsent kan produsera mindre av sin kvote. Det betyr at kvar bonde får levera prosentvis mindre mjølk frå 2020.


- For Bondelaget har det vore viktig å sikra ei best mogleg ramme for nedskaleringa, og slik at kostnadane blir lågast mogleg for bøndene. Me er bekymra for alle mjølkeprodusentane, for dei som har satsa, for dei som skal gjennomføra investeringar. Dette er tøffe tak for bonden. No må me gjennom denne runden, slik at me oppnår balanse i mjølkemarknaden og kan utvikla mjølkesektoren vidare, seier Felde.