GLAD: - Eg er utruleg stolt og rørt på vegner av organisasjonen, seier fabrikksjef Stian Tangen. (Foto: Helge Heyerdahl)

- Menneska er vår største forbetringsmuskel

- Denne heng høgt for oss, seier farbrikksjef Stian Tangen då han tok i mot Leanprisen på vegner av Hydro Høyanger.

Publisert 07.11.2018 kl. 06.29. Oppdatert kl. 06.37.

Prisen vert delt ut til bedrifter som utmerker seg for skapar verdiar gjennom innovasjon og stadig forbetring.

FRÅ VENSTRE: Jonny Manseth, HR Business Partner, Terje Norevik, leiar for AMBS, Beate Ueland, representant for dei tillitsvalde og Stian Tangen, fabrikksjef ved Hydro Høyanger. (Foto: Helge Heyerdahl)

Strukturert arbeid

Det var under Leankonferansen på Fornebu i går at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) overrekte utmerkinga på vegner av Lean Forum Norge.

Vinnaren vart stemd fram i løpet av konferansen basert på stemmer fra både konferansedeltakarar og vurdering frå fagjury.
Hydro i Høyanger vann prisen på bakrunn av strukturert forbetringdsarbeid for å skapa konkurransekraft og gjennom særs aktiv involvering av tilsette og tillitsvalde.


Stolt og rørt

- Eg er utruleg stolt og rørt på vegner av organsiasjonen. Innovasjonar frå golvet har gjort dette mogleg, seier en glad fabrikksjef Stian Tangen i følgje ei pressemelding.


- Dette er NM i Lean og ein av dei gjevaste prisane eit norsk verk kan vinna. Den henger veldig høgt for oss fordi det er innovasjonar frå golvet som har vore sjølve livsnerva i forbetringsarebeidet. Menneska er vår største forbetringsmusiken, seier Tangen.


Tenkjer nytt

- Me har ein organisasjon som evnar å tenkja nytt og finna smarte løysingar på store utfordringar. Forbetringar vert skapte gjennom læring der læringa kontinuerleg vert sett ut i fridt for å gje prossessforbetringar. Me er det minste verket i Noreg, men likevel i eliten blant verdens aluminiumsverk, seier han.


Også Hydro Sunndal var nominerttil prisen saman med Equinor Mongstad, GKN Aeropspace Norway og Glrencore Nikkelverk.


Siste saker Gå til framsida