REDDAR LIV: Det tek 15 sekund å slenga på seg refleks før ein går ut døra. Men refleksen kan vera skilnaden mellom liv og død om ein vert utsett for ei ulukke. (Foto: Colourbox, Trygg Forsikring)

- Menn over 30 år er dårlegast til å bruka refleks

Dette syner ei undersøking frå Trygg Trafikk.

Publisert 17.10.2019 kl. 19.45.

Undersøkinga syner også at berre fire av ti vaksne nyttar refleks.


Born er den gruppa som oftast har på seg refleks.


Viktig å vera synleg i mørket

I dag er det den nasjonale refleksdagen.


Om hausten og vinteren ferdast me oftare ute etter at det har vorte mørkt. Då er det viktig at me gjer oss synlege for bilistane.


9 grunnar til å nytta refleks


  1. Som fotgjengar med refleks gjer du ein bilist heile 85 prosent større sjanse til å sjå deg i tide.

  2. Ein bilist med nærlys på bilen vil sjå ein fotgjengar med refleks på 140 meters avstand. Utan refleks er du først synleg for bilisten på 25 meters avstand.

  3. Dei fleste ulukker mellom bil og fotgjengar skjer når folk kryssar gata. Lys frå bilar og butikkar kan konkurrera om sjåførane si merksemd og gjer det vanskeleg å oppdaga fotgjengarar utan refleks, særleg om det regner eller er dårleg sikt.

  4. Ein bilist som køyrer i 50 kilometer i timen ser deg berre to sekund før bilen passerer deg dersom du går i mørket utan refleks. Nyttar du refleks vil bilisten sjå deg vel ti sekund før.

  5. I fjor vart 108 menneske drepne i trafikken i Noreg. Nær 20 av desse var fotgjengarar eller syklistar. Mange av desse ulukkene skjedde i mørket.

  6. Vel 40 prosent av ulukker der fotgjengarar døyr skjer i mørket.

  7. Halvparten av fotgjengarar som omkom i trafikkulukker nytta ikkje refleks, viser ulukkesstatistikk frå Statens vegvesen.

  8. I fjor vart 602 menneske hardt skadde i trafikken i Noreg. 141 av desse var fotgjengarar eller syklistar, og 31 av dei var ungar under 16 år.

  9. Refleks tek 15 sekund å ta på seg, men kan utgjera forskjellen mellom liv og død viss du vert utsett for ei ulukke.


Korleis få best effekt av refleksane

Ein refleks som heng i knehøgde får mest mogleg lys frå lyktene på bilane. Dei aller beste refleksane er dei som heng langs sidene av kroppen fordi dei er i konstant rørsle og reflekterer lys godt. Har du på deg to, ein på kvar side, vert du synleg frå fleire vinklar. Refleksvestar, samt refleksband som kan festast på armar og bein er også gode alternativ.


Refleksar er ferskvare. Slitasje og riper svekkjer effekten til refleksen. Difor bør refleksar skiftast ut kvart tredje år eller etter at dei har vorte vaska 20 gonger.


Undersøkingar syner at fire av ti refleksar er gamle og slitne og bør skiftast ut med nye. Du bør ha ein refleks som er CE-merka, då desse er godkjente og verkar godt i mørket.


Les meir om: Nyhende Trafikk