INGEN FLYTTEPLANAR: Sogndal har ikkje motteke konkrete førespurnader om å gje frå seg trenar Eirik Bakke.

- Ikkje unaturleg at eliteserieklubbar luktar på ein slik kapasitet

Eurosport melde førre veke at dei hadde kjennskap til at Eirik Bakke (biletet) var aktuell som ny hovudtrenar i Haugesund.

Publisert 06.01.2019 kl. 18.00. Oppdatert kl. 18.20.

Sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, seier at dei ikkje har hatt kontakt med klubben, men legg på same tid til at han ikkje er overraska over at Bakke blir nemnd i ein slik samanheng.


- Eirik har mykje bra med seg, han har ein aura og er ein fin type, og då er det ikkje unaturleg at Haugesund og andre klubbar vil lukta på ein slik kapasitet, seier Flo.


- Held oss rolege

Han svarar på slik på kva Sogndal vil gjera om det skulle koma eit ønskje frå eliteserieklubben om å henta Bakke:


- Det får me ta når me eventuelt kjem opp i ein slik situasjon. Eg har berre sett litt om dette i media, så me held oss rolege, seier Flo.


Sogndal tek til att med fellestreningar måndag 21. januar.


Les meir om: Nyhende Sport