TRYGG PÅ SYKKEL: Kurt Ottesen, jurist i Statens vegvesen, minnar om at ein lyt ha lykter på sykkelen. (Foto: Henriette Erken Busterud, Statens vegvesen)

- Ein lyt ha to lys på sykkelen

Dei fleste syklar vert seld utan lykt. Men det er påbode med lys både framme og bak på sykkelen.

Publisert 16.09.2019 kl. 17.00.

Det er og påbode med refleks bak og på pedalane.


Gebyr på 1200 kr

- Om du vert stoppa av politiet utan fastmontert lykt, risikerer du og måtta betala eit gebyr på 1200 kroner, seier jurist Kurt Ottesen i Statens vegvesen.


Han minner om at også små elektriske køyretøy, som elsparkesykkel, skal ha lys framme og bak. Viss det ikkje er plass på sparkesykkelen kan ein ha lysa på jakken sin.


Dette er krava


  • Ved sykling i mørke eller skumring skal det framfor på sykkelen vera lykt med fast gult eller kvitt lys og/eller fleirfunksjonslykt som gjev blinkande eller fast kvitt lys.

  • Bak skal sykkelen ha lykt med fast eller blinkande raudt lys. Dette gjeld ved sykling på «alminneleg folksame» vegar eller områder.

  • Lyktene skal kunna sjåast tydeleg i ein avstand på 300 meter. Lykt som gjev blinkande lys skal blinka med minst 120 lys per sekund.

  • Lyktene skal vera festa på sykkelen.

  • Det skal vera raud refleks bak.

  • På begge sidene av pedalane skal det vera kvit eller gul refleks. Dersom sykkelen har klikkpedalar der du ikkje kan montera refleks, skal sykkelen ha refleks på pedalarmane.

  • Refleksane skal vera av godkjent type.

  • Kjøper du sykkellykt, så lyt du kunna gå ut ifrå at det som vert seld som «sykkellykt» er i tråd med krava.


Klede

Å nytta klede med neonfargar og refleks er nesten like viktig for å verta sett som lys. Klede med sterke fargar aukar også synlegheita betrakteleg i dagslys.


God, trygg sykkeltur!


Les meir om: Nyhende Trafikk