- Det var ganske vilt å sjå. Steinane dundra ned fjellsida

Øivind Skjellerud vart vitne til fleire store ras frå Skorsfjellet i Årdal. Sjå video.

Publisert 11.10.2018 kl. 11.23.

Skjellerud, som var på jobbtur i Årdal, stoppa opp like før Geithus frå Øvre Årdal i retning Årdalstangen då det plutseleg byrja å rasa ned frå fjellsida på den andre sida av Årdalsvatnet tysdag 9. oktober.


- Det var ganske tilfeldig at eg køyrte ut på sida. Eg skulle senda ein mail, men så plutseleg høyrde eg bulder og brak og lurte på om det hadde byrja å tordna ute. Så såg eg at det rasa frå fjellsida, seier han.


Skjellerud drog opp mobiltelefonen og filma det eine raset etter det andre.


- Eg vart ståande der i to timar fordi det kom ras på ras. Det var fascinerande å sjå dei kreftene som var i sving. Steinane dundra ned fjellsida.


Han legg til at det kom minst fem-seks store ras og eit par mindre ras i løpet av dei to timane han stod der.


- Raset vart løyst ut under den siste toppen på fjellet. Det var fascinerande å sjå den tida raset brukte før det landa nede i Årdalsvatnet. 


Skjellerud seier det var store skilnadar å sjå i fjellsida etterpå.


- Vegetasjonen er heilt vekke i den nedste delen. I tillegg endra fossen løpet sitt. Då eg reiste heim i går, onsdag, såg eg at det flaut ein god del treverk som hadde drive innover mot Øvre Årdal, seier han.


Siste saker Gå til framsida