Illustrasjonsfoto.

Vogntogsjåfør politimeld for køyring med brot i ramme

Tre sjåførar vart melde til politiet i ein tungbilkontroll på Håbakken søndag.

Publisert 19.02.2018 kl. 06.19. Oppdatert kl. 06.22.

Det var tekniske manglar på køyretøy, feil på fartsskrivar og brot på køyre- og kviletida som førte med seg politimelding for tre sjåførar på Håbakken søndag ettermidag og kveld.


Den eine politimelde sjåføren køyrde eit vogntog der det vart oppdaga både brot i hjelperamma og kraftig luftlekasje frå ein bremseslange. Denne bilen vart det også skrive ut bruksforbod på.


Bruksforbod i tillegg til politimelding vart det også for vogntoget som vart utstyrt med ein fartsskrivar som ikkje var kalibrert.


 


Overlastgebyr

Til saman 97 tunge køyretøy var innom på Håbakken i løpet av dei vel seks timane kontrollen stod på. Av desse vart åtte køyretøy kontrollerte.


I tillegg til dei tre tilhøva som førte til politimelding, vart det skrive ut eit gebyr på 7.400 kroner grunna overlast, samt at ein sjåfør måtte ut med 750 kroner fordi han hadde eit dekk med mindre mønsterdjupne enn minstekravet på bilen. 


Det vart også skrive ut til saman fem mangellappar grunna tekniske feil på køyretøy. Mellom anna for svake bremser, svak bremseverknad og lys som ikkje var i orden.


Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna oljelekkasje frå motoren.


 


Siste saker Gå til framsida