STOGGA IKKJE: Eit vogntog stogga ikkje for kontroll på Håbakken tysdag kveld. (Foto: Arkiv)

Vogntog stogga ikkje for kontroll

Eit vogntog stogga ikkje for kontroll ved Håbakken kontrollstasjon tysdag kveld.

Publisert 22.11.2017 kl. 06.52. Oppdatert kl. 08.54.

Det resulterte i at sjåføren blir meld til politiet for dette. Sjåføren hadde heller ikkje med seg nok kjettingar til vogntoget. For dette vanka det gebyr.

I den same kontrollen fekk eit vogntog bruksforbod fordi det var overlasta. Dette resulterte også i overlastgebyr til føretaket som eig vogntoget. Trekkvogna hadde ikkje bombrikkeavtale, føretaket fekk gebyr også for dette.

Eit anna vogntog mangla også bombrikkeavtale. Det resulterte i gebyr til føretaket. Lasta måtte også sikrast betre før vidare køyring.

Det blir også send oppmoding om kontroll av køyre- og kviletid i to transportføretak, melder Statens vegvesen.


Siste saker Gå til framsida