PÅ FELGEN: Eit vogntog kom til kontrollstasjonen på Håbakken på felgen i natt. (Foto: Arkiv)

Vogntog køyrde på felgen

Eit litauisk vogntog fekk køyreforbod etter ein kontroll Statens vegvesen gjennomførte på Håbakken i natt.

Publisert 19.12.2017 kl. 06.22.

Bakgrunnen er at vogntoget kom til kontrollplassen med eit eksplodert dekk. Dekket var delvis vekke og det vart køyrd på felgen, opplyser Statens vegvesen.


94 tunge køyretøy var inne på kontrollplassen, 22 av dei vart kontrollert meir nærgåande. Ni køyretøy fekk skriftlege manglar.


Køyre og kviletid

Eit norsk vogntog fekk køyreforbod for teknisk overlasta framaksling. Ein spesialtransport fekk køyreforbod for manglande utstyr i følgebilen.

Eit anna norsk vogntog fekk køyreforbod fordi skapdører på semitralla ikkje var i lås, då dei var ein del av lastsikringa.

To vogntogførarar vert meld inn til bedriftskontrollen for vidare oppfølging grunna brot på køyre og kviletida.

Det vart vidare skrive ut eit gebyr for manglande bombrikke, to gebyr for å ha dekk under lovleg minimum mønsterdjupne, eit gebyr for manglande vognkort og eit gebyr for manglande bruk av bilbelte.



Siste saker Gå til framsida