VINTERLEG: Vinteren er i ferd med å innta fjellet. Her frå fylkesveg 53 Årdal-Tyin søndag.

Vinterleg på fjellovergangane

Det er vinter på fjellovergangane inn og ut av fylket i morgontimane måndag.

Publisert 30.10.2017 kl. 06.37.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det snø- og isdekke, minus tre grader, svak vind og opphaldsvêr.


Fylkesveg 50 har vekslande berr veg, snø- og isdekke, minus fire grader og lette snøbyger.


Fire kuldegrader er det også på fylkesveg 53, Tyin-Årdal. Her det det vekslande snø- og isdekke, svak vind og opphaldsvêr.


Det er ikkje lagt ut informasjon om E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet på Statens vegvsen sine heimesider i morgontimane måndag.


Det er vedlikehaldsarbeid på E16, Seltatunnelen, i dag, opplyser Statens vegvesen på sine heimesider.


Siste saker Gå til framsida