SATSING: Fire partanar i fylket vårt skal vera med å byggja Vestlandet til ein føregangsregion innan musikkterapi. (Foto: Arkiv)

Vil heilt i front på musikkterapi

Fire partanar i fylket blir medlemar i POLYFON.

Publisert 28.11.2017 kl. 17.54.

Polyfon er ei kunnskapsklynge for musikkterapi.
- Målet er å gjere Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan temaet, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.


Ein av fire

Fylkeskommunen er ein av fire partnarar frå Sogn og Fjordane som no går inn i kunnskapsklynga. Dei andre er Høgskulen på Vestlandet (Fakultet for helse og sosialfag), Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Helse Førde.


Tverrfagleg samarbeid

Dei fire samarbeidspartnarane har hatt status som observerande deltakar frå januar 2015, men blir frå november 2017 fullverdig medlem av POLYFON. Fylkeskommunen leiar samarbeidet i Sogn og Fjordane, som vil jobbe særleg med barn og unges oppvekst,  eldrehelse/eldreomsorg,  tverrfagleg samarbeid for å styrkja folkehelse og førebygging og god samhandling mellom kommunale tenester og spesialhelsetenesta.


Satsing i vest

Kunnskapsklynga POLYFON vart etablert i 2015 og går no inn i sin andre prosjektperiode. POLYFON består av kommunar og helseføretak som tek i bruk musikkterapi på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samspel med utdanning og forsking på høgste nivå.
Målet for prosjektet er å byggja Vestlandet til ein nasjonal og internasjonal føregangsregion innan musikkterapi. Griegakademiet ved Universitet i Bergen er prosjektleiar, går det fram av pressemeldinga.
 


Les meir om: Nyhende Helse Musikk

Siste saker Gå til framsida