(Arkivfoto)

Vil børsnotera Fjord1

Fredag vart det kjent at ein av eigarane i Fjord1 AS ynskjer a? børsnotera selskapet.

Publisert 21.04.2017 kl. 15.00. Oppdatert kl. 15.28.
Det er nettstaden nett.no som melder dette. Majoritetseigar Havilafjord vil leggja 49 prosent av Fjord1-aksjane på børsen.

Aleksander Heen, styreleiar i F1 Holding AS, som er fylkeskommune sitt holdingsselskap for eigarskapen i Fjord 1 AS, opplyser at dette er noko F1 Holding AS har vore kjend med ei tid.


Ivareta interesser

- Me har orientert fylkesordførar Jenny Følling fortløpande om utviklinga i saka, og ho har igjen informert fylkesutvalet, skriv han i ei pressemelding.


Ifølgje Heen har F1 Holding AS inga sjølvstendig formeining om ei børsnotering vil vera bra eller da?rlig for Fjord 1 og understrekar at den vurderinga ligg til styret i Fjord 1.


- Va?r oppga?ve er a? ivareta Sogn og Fjordane fylkeskommune sine interesser, og sørgja for at fylkeskommunen fa?r det oppgjeret som er avtalt med Havilafjord AS og som eit samrøystes fylkesting har godkjend.


Regionalt eigarskap

Spørsma?let om regionalt eigarskap har vore eit tema, og det var og ein viktig føresetnad for at fylkestinget vedtok sal. F1 Holding AS meiner dette vilka?ret ikkje er tilstrekkeleg oppfølgt da? Havilafjord AS ikkje har involvert F1 Holding AS i dette arbeidet.


- Dette er noko me vil jobba vidare med, opplyser Heen og legg til at F1 Holding AS følgjer utviklinga i saka tett.


- Me vil nytta dei verkemiddel som ligg i avtaleverket for a? sikra at Sogn og Fjordane fylkeskommune fa?r det oppgjeret som er avtalt mellom partane og at avtaleverket elles vert følgd


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida