VELDIG SKUFFA: Meldinga om at Vikafjellstunnelen er heilt ute av NTP-framlegget vart møtt med misnøye i Vik. Rådmann Oddbjørn Ese (f.v.), ordførar Olav Turvoll og varaordførar Roy Egil Stadheim er alle tre veldig skuffa. - Alt er vekke, heilt utruleg, seier Olav Turvoll. (Foto: Eirik Thue)

Vikafjellstunnelen i det blå

Det ligg ikkje inne fem øre til tunnell under Vikafjellet i framlegget til Nasjonal transportplan (NTP).

Publisert 05.04.2017 kl. 13.09. Oppdatert kl. 13.25.

- Dette vekkjer harme i heile Vik, seier ordførar Olav Turvoll (Sp) i Vik, etter at Nasjonal transportplan vart lagt fram onsdag.


I dene planen, som skal dekka perioden 2018 til 2029, er det ikkje sett av pengar til Vikafjellet i det heile. Også dei 100 millonane som var lagt inn i NTP som kom i 2013, er borte.


- Dette er det verste scenarioet. Også 100 millionar som var inne, er no ute. Det er nesten ikkje til å tru, seier Turvoll.


Nærøydalen

I NTP-framlegget er det sett av 7,4 milliardar kroner til nye vegprosjekt i Sogn og Fjordane, 1.380 millionar kroner i perioden 2018 til 2023, og 6.020 millionar kroner frå 2024 til 2029.


Av dei vel sju milliardane går om lag 4,6 milliardar kroner til ulike prosjekt på E39 i Sunnfjord og Nordfjord. 1,1 milliard kroner er sett av til riksveg 5 i Kjøsnesperioden i perioden 2024 tl 2029.


I den perioden er det også sett av 1,7 milliardar kroner til E16 i Nærøydalen mellom Hylland og Sleen. Dette rassikringstiltaket er soleis det einaste nye prosjektet på riks- og europavegane i Sogn dei neste elleve åra.


Ferdigstilling

I tillegg til dei nye vegprosjekta i NTP-framlegget, ligg det inne til saman 1,3 milliardar kroner til alt igangsette prosjekt i fylket.


Her i Sogn gjeld dette riksveg 13 Vik-Vangsnes, der det er sett av 548 millionar kroner til rassikring, 108 millionar kroner til fullføring av Loftesnesbrui i Sogndal, 14 millionar kroner til E16  Smedalsosen-Borlaug og 100 millionar kroner til E16 Smedalsosen-Varpe bru i Vang.


Les meir om NTP-framlegget, og kommentarar til det, i papir- eller e-utgåva av Sogn Avis torsdag.


Siste saker Gå til framsida