BIL BYRJA Å BRENNA: Brannen starta i det elektriske anlegget til denne veteranbilen. (Foto: Morten Sortland)

Veteranbil tok fyr

Alle naudetatar rykte ut då det byrja å brenna i ein garasje i Øvre Årdal.

Publisert 15.04.2018 kl. 14.58. Oppdatert kl. 16.20.

Brannvesenet har sløkt brannen.


- Brannen starta i det eletriske anlegget til ein veteranbil som stod inne i garasjen. Brannvesenet har fått ut bilen og sløkt brannen, seier innsatsleiar Frida Føleide, politibetjent ved Årdal lensmannskontor.


Politiet melde om hendinga klokka 14.44. 


Alle naudetatar rykte ut til staden.


Ingen personar kom til skade.


Politiet har oppretta sak på hendinga.

BRANN: Ein garasje tok til å brenna. (Foto: Tipsar)

Les meir om: Siste Nytt Nyhende Årdal

Siste saker Gå til framsida