Verna bustadhus totalskadd i brann

Ein person som var i huset kom seg ut då det byrja brenna i Nagelhuset på Hermansverk natt til fredag.

Publisert 02.03.2018 kl. 06.25. Oppdatert kl. 09.15.

- Ein person som budde i huset kom seg ut av huset, og han har vore til kontroll hjå helsepersonale, seier vaktleiar Terje Birkeland ved Alarmsentralen i Florø.


Brannen i Nagelhuset på Hermanasverk vart meld klokka 03.52 natt til fredag, og då brannvernet kom fram til staden, var bygningen overtent. Birkeland fortel at det var vind i brannområdet.


- Difor var me redde for at brannen skulle spreia seg, grunna gnistregn. Me køyrde patrulje i området rundt brannstaden, og heldigvis hadde ikkje brannen spreidd seg, seier Terje Birkeland.


Sogn Avis sin journalist som var på staden, fortel at det var gnistar store som eple heilt bort til Njøsabakken og at gnistregnet slo over Statens hus.


Les òg: Kan ta tid å finna brannårsaka


Totalskadd

Til saman 15 brannmannskap frå Leikanger og Sogndal vart kalla ut til brannstaden. Like før klokka 06 fredag morgon, det vil seia om lag to timar etter at brannen vart meld, fortale Birkeland at det framleis brann i huset. Huset er totalskadd.


Brannmannskap vil vera på staden for å driva ettersløkking utover dagen.


Dei næraste naboane vart evakuerte under sløkkingsarbeidet. Like før klokka 06.30 fredag morgon, fekk dei flytta tilbake.


Verna

Nagelhuset var plassert i verneklasse B.


Huset frå 1849 og den vel 1,3 mål store tomta vart skilt ut frå eigedomen til tidlegare Statens forsøksstasjon Njøs. Huset vart selt for eitt år sidan etter ein intens bodrunde. Nagelhuset har vorte skilda som eit symbolbygg for Leikanger.


Siste saker Gå til framsida