VEGARBEID: Det blir vedlikehaldsarbeid på fv. 50 måndag, tsydag og onsdag. (Arkivfoto)

Venting grunna vedlikehald

Det blir manuell dirigering av trafikken på fylkesveg 50 mellom Hagatunnelen og Berdalstunnelen måndag, tysdag og onsdag.

Publisert 17.07.2017 kl. 06.34.

Frå i dag, måndag, til og med onsdag skal det utførast vedlikehaldsarbeid på fv. 50 Aurland-Hol, melder Statens vegvesen. Arbeidet skal gjerast på strekninga mellom Hagatunnelen og Berdalstunnelen, og held på mellom klokka 06.00 og 20.00 alle tre dagane.


Medan det blir arbeidd på vegen blir trafikken dirigert manuelt, og det må reknast med inntil 15 miniuttar ventetid.


Les meir om: Nyhende Aurland Samferdsle

Siste saker Gå til framsida