Ventetid grunna arbeid i tunnel

Publisert 08.03.2018 kl. 05.59.

I dag, torsdag 8. mars, må trafikantar som køyrer fv. 53 mellom Årdalstangen og Fodnes rekna med å venta i om lag 20 minuttar ved Timreskredtunnelen. Dettte fordi det skal drivast vedlikehaldsarbeid i tunnelen mellom klokka 08.00 og 19.00. Trafikkavviklinga blir samordna med gjennomkøyringstidene i Finnsåstunnelen, melder Statens vegvesen.