Vegarbeid tre stader på riksveg 55

Publisert 02.01.2018 kl. 06.33.

I dag, tysdag 2. januar, startar det opp att vegarbeid tre stader på riksveg 55 mellom Sogndal og Hella, melder Statens vegvesen.


På strekninga Fardal-Ylvisåker blir det lysregulering mellom klokka 08.00 og 17.00 måndag til torsdag, fram til 31. januar.


Ved Nordnes kan vegen bli stengd i periodar på inntil 30 minuttar grunna vegarbeidet frå i dag, tysdag og inntil vidare. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera.


Ved Supham kan vegen bli stengd i periodar på inntil 15 minuttar måndagar til torsdagar mellom klokka 07.00 og 20.00. Arbeidet her vil gå føre seg fram til 29. mars i år.


Siste saker Gå til framsida