Vegarbeid på fylkesvegar i Borgund

Publisert 25.10.2017 kl. 06.18. Oppdatert kl. 06.25.

Det blir manuell dirigering av trafikken på to fylkesvegstrekningar i Borgund i dag, onsdag, melder Statens vegvesen. På fylkesveg 273 Steinklepp-Berge skal det asfalterast mellom klokka 13.00 og 17.00. Utrykkingskøyretøy kan passera.


På fylkesveg 630 Seltun-Borgund blir det manuell dirigering på strekninga Husum-Sletthagen mellom klokka 8.00 og 13.00 grunna vedlikehaldsarbeid. Også her kan utrykkingskøyretøy passera.


Siste saker Gå til framsida