VEDLIKEHALD: Det blir vedlikehaldsarbeid i Lærdalstunnelen dei to næraste dagane. Folk må rekna med litt venting. (Foto: Arkiv)

Vedlikehald i verdas lengste

Lærdalstunnelen kan bli stengd i periodar på inntil 30 minuttar natt til torsdag og fredag.

Publisert 13.12.2017 kl. 06.29.

Dette på grunn av vedlikahaldsarbeid, skriv Stetens vegvesen.


Det er elles vedlikehaldsarbeid i ei rekkje tunnelar i Sogn for tida. I Noreviktunnelen er det manuell dirigering i heile dag. Her må folk rekna med å venta i inntil 15 minuttar.


På riksveg 5 i fatlatunnelen blir det også centetid på inntil 15 minuttar melllom klokka 13.00 og 17.00 i dag på grunn av vedlikehaldsarbeid.


På fylkesveg 53, Finnsåstunnelen, vil det bli manuell dirigering i føremiddag.


Det er elles greie køyretilhøve på dei vinteropne fjellovergangane.


 


Siste saker Gå til framsida