Kaupanger vann 6-1 over Stryn 2 søndag. (Skjermdump)

Varta opp med målshow - sjå scoringane

Kaupanger knuste Stryn 2 i 5. divisjon søndag.

Publisert 25.09.2017 kl. 11.30.

Kaupanger hadde få problem då Stryn sine nest beste kom på besøk til Kaupanger stadion søndag. Vertane vann til slutt 6-1. Sjå scoringane i videovindauget nederst i saka.


Dermed har Ørjan Hjellhaug sine menn festa grepet om sølvmedaljen i 5. divisjon.


Studentspretten, som toppar tabellen, er allereie klare for opprykk til Kretsligaen, medan Sandane ligg på tredjeplass, fem poeng bak Kaupanger.


Neste kamp for dei grønkledde er heime mot Jølster på Kaupanger stadion fredag 29. september.



Siste saker Gå til framsida