Varetektsfengsla i fire nye veker

Publisert 09.07.2018 kl. 16.02.

To av dei sikta i saka om gjengvaldtekt i Sogn er varetektsfengsla i fire ny veker. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Påtalemakta bad ikkje om ny fengsling for den tredje mannen.

Vest politidistrikt fekk melding om gruppevaldtekta i starten av april 2018. Valdtekta skal ha vorte utført av fleire menn i fellesskap. Forholdet skal ha skjedd i eit privat husvære i Sogn i februar 2018.
 
Saka har vore etterforska ei tid. Tysdag 5. juni greip politiet tre menn, som vart sikta i saka. Mennene skal vera av utanlandsk opphav med opphald i Norge.

Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida