MÅ BLI HEIME: Gustav Valsvik vart ikkje teken ut i landslagstroppen som skal spela mot Australia 23. mars og Albania tre dagar seinare. (Arkivfoto)

Valsvik vraka frå landslagstroppen

Lars Lagerbäck fann ikkje plass til verken Gustav Valsvik eller Even Hovland.

Publisert 13.03.2018 kl. 14.39. Oppdatert kl. 14.47.

Tysdag presenterte den svenske landslagssjefen troppen som skal møta Australia heime 23. mars og Albania borte tre dagar seinare.


Verken Gustav Valsvik, som har vore fast innslag på landslaget det siste året, eller Even Hovland, var blant dei 24 namna som blei lest opp. 


Men det betyr ikkje at det døra er lukka for vidare landslagsspel for dei to midtstopparane.


- Me brukte veldig mange spelarar i 2017 og opplevde at det var ein jamn standard. No må me jobba frem ein stamme. Så kjem det alltid til å vera opne plasser for spelarar som gjer det bra i klubblaget eller utvikler seg, seier landslagssjefen til fotball.no.


PS. Tidlegare Sogndal-spelar, Bjørn Inge Utvik, er teken ut i U21-troppen som møter Italia og Israel. 


Les meir om: Sport Fotball Sogndal Vik

Siste saker Gå til framsida