STENGD: Riksveg 13 over Vikafjellet, Hol-Aurland og Tyin-Årdal er stengde på grunn av uvêr. (Foto: Arkiv)

Uvêr stengjer fleire fjellovergangar

Både riksveg 13 over Vikafjellet, fylkesveg 50 Aurland-Hol og fylkesveg 53, Tyin-Årdal, er stengde på grunn av uvêr i fjellet.

Publisert 17.11.2017 kl. 06.08. Oppdatert kl. 14.22.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet har vore stengd sidan i går ettermiddag.


På E16 over Filefjell er det redusert sikt nokre stader og kjetting blir tilrådd på større køyretøy. Det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.


Tidleg fredag morgon vart det innført kolonnekøyring på rv. 52 Hemsedalsfjellet og det er det framleis fredag ettermiddag.


Riksveg 13 over Gaularfjellet har nattestengd frå klokka 20.00 til 06.00 neste dag.  I dag vart fjellovergangen ikkje opna att etter nattestenging. Her kjem det ei ny vurdering laurdag morgon klokka 08.00.


På riksveg 13 over Vikafjellet er det stengt og det vert det ny vurdering laurdag.


På fylkesveg 50 Aurland-Hol vert det ny vurdering klokka 14 fredag, melder Vegtrafikksentralen.


Fv. 53 Tyin-Årdal er stengd grunna uvêret.


Oppdatert vegmelding frå Statens vegvesen finn du her