Utrykking til hotell i Høyanger

Publisert 07.11.2017 kl. 06.37.

Både politiet, ambulanse og brannvernet rykka ut, etter at det kom melding om kraftig ammomiakk-lukt på eit hotell i Høyanger natt til tysdag, melder politivakta i Florø på Twitter. Alle 25 gjestene vart evakuerte, medan brannmannskapet søkte gjennom hotellet.


Det synte seg at ammoniakk-lukta skuldast varmgang i eit kjøleskap. Kjøleskapet vart frakta ut av hotellet, og etterpå fekk gjestene gå tilbake til romma sine.


Politiet fekk melding om hendinga klokka 02.15 natt til tysdag. Politiet skal etterforska hendinga.


Siste saker Gå til framsida