TAP: Gustav Valsvik og Eintracht Braunschweig er ute av den tyske cupen. (Arkivfoto: Gunnar Kleven)

Ute av cupen

Tap for Valsvik og Eintracht Braunschweig

Publisert 21.08.2018 kl. 06.28. Oppdatert kl. 09.28.

 

Vikjen Gustav Valsvik spelte heile kampen då Eintracht Braunschweig tapte 2-1 for Hertha Berlin i den tyske cupen måndag kveld.

«Løvene», som dei blågule vert kalla av sine eigne supportarar, gjorde i følgje klubben sine eigne heimemsider ein strålande kamp. Der stillinga var 0-1 til pause, kom Eintracht attende og utlikna då det stod att snaue ni minutt av kampen og skapte dermed ny spaning for dei nær 17.000 tilskodarane.

Men berre to minutt seinare skåra Hertha Berlin sitt andre for dagen og drog i land sigeren.
Valsvik har uttala at han er på veg vekk frå klubben som spelar på tredje nivå i tysk fotball, men spelte heile kampen.

 


Les meir om: Sport Fotball Vik

Siste saker Gå til framsida