NATTARBEID: Arbeidet i Gudvangatunnelen (biletet), Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen startar opp att tysdag kveld. I dei to sistnemde tunnelane blir arbeidet avslutta 1. februar, medan det blir nattarbeid i Gudvangatunnelen fram til 31. mars. (Arkivfoto)

Tunnelarbeidet startar opp att

Tysdag kveld startat arbeidet i tre E16-tunnelar i Aurland opp att.

Publisert 02.01.2018 kl. 06.33.

Vedlikehaldsarbeidet i Gudvangatunnelen, Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen på E16 i Aurland startar opp att klokka 20.00 i kveld, tysdag, melder Statens vegvesen på traikkmeldingssidene.


I Gudvangatunnelen skal arbeidet gå føre seg fram til 31. mars. medan arbeidet i dei to andre tunnelane er venta avslutta torsdag 1. februar i år.


Nye opningstider

Arbeidet i tunnelane skal framleis gå føre seg om natta, frå klokka 20.00 til klokka 06.00. Nytt i høve det som var praktisert fram til jul, er at ventetida i tunnelane no blir inntil ein time.


I Gudvangatunnelen blir det gjennomkøyring med ledebil kvar heile time begge vegar. Gjennomkøyringa i dei to andre tunnleane blir tilpassa arbeidet i Gudvangatunnelen.


Utrykkingskøyretøy kan passera.


Siste saker Gå til framsida