Tunnelarbeid i Balestrand

Publisert 12.12.2017 kl. 06.17.

Frå klokka 18.00 tysdag kveld fram til klokka 06.00 onsdag morgon, skal det gjerast vedlikehaldsarbeid på fylkesveg 55 på strekninga Tussviktunnelen-Kongnsnestunnelen i Balestrand, melder Statens vegvesen. Medan arbeidet står på, kan vegen bli stengd i periodar på inntil 20 minuttar.