Åtte sjåførar melde til politet

Publisert 08.08.2018 kl. 18.55.

18 køyretøy vart kontrollerte då Statens vegvesen gjennomførte ein trafikkontroll på Håbakken i Lærdal onsdag føremiddag. Totalt var det 127 køyretøy inne på kontrollplassen. 


Tre køyretøy fekk skriftlege manglar, medan tre køyretøy fekk bruksforbod. Ein fekk gebyr på 8.000 kroner for manglande obligatiorisk bombrikke. 


Fire førarar vart melde til politiet for å ha unnlate å stansa for skilta kontroll, medan fire andre førarar vart melde for brot på bestemmelsane om køyre- og kviletid, der to av desse også vart pålagt å gjennomføra vekekvile for vidare køyring. 


Eitt køyretøy vart ilagt bruksforbod på grunn av svak bremseverknad. 


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida