Trond Olsen nærmar seg Sogndal

Publisert 15.08.2018 kl. 15.04. Oppdatert kl. 15.07.

Sogndal Fotball er på handletur før det norske overgangsvinduet stengjer ved midnatt onsdag kveld, 15. august. 


Ifølgje Avisa Nordland var ikkje Trond Olsen (34) på trening i Bodø onsdag og nemner i same artikkel at Sogndal kan bli neste stopp for kantspelaren.


34-åringen, som har spelt 283 kamper og scora 79 mål for klubben, har sjølv uttalt til TV2 at han føler seg uønska i Glimt.


- For min del er situasjonen blitt litt vanskeleg, eg føler meg eigentleg ganske uønska i klubben, så situasjonen som er no er ikkje helt grei, sa Olsen til TV 2 i førre veka.


Den tidlagere Lillestrøm, Rosenborg og Viking-spelaren ryktast å ha landa på Sogndal Lufthavn, Haukåsen onsdag føremiddag. 


I sommar har Sogndal kvitta seg med Victor Grodås, Edin Øy og Johan Hove. I tillegg har 2. keeper Kjetil haug gått på lån til Elverum, medan Henrik Furebotn la skoa på hylla tidlegare i sommar. 


No vil Bakke styrka stallen og neste mann inn portane på Fosshaugane Campus kan altså bli Olsen.


Siste saker Gå til framsida