FRUDALEN: Ulukka skjedde på sogndalssida av Frudalstunnelen. (Foto SA-tipsar)

Tre til Haukeland etter ulukke

Tre av dei fire skadde i ulukka i Sogndalsdalen sende til Haukeland.

Publisert 08.01.2018 kl. 06.10.

SISTE: Tilstanden til dei to kvinnene i 50-åra, som var involverte i ulukka ved Frudalstunnlen i Sogndalsdalen søndag, er endra frå kritisk til alvorleg skadde. Det melder Helse Bergen måndag ettermiddag.


Tilstaden til dei to kvinnene i 50-åra, som var involverte i ulukka i Sogndalsdalen søndag, er framleis kritisk, melder Helse Bergen natt til måndag.


Etter trafikkulukka på riksveg 5 i Sogndalsdalen søndag føremiddag, der to personbilar kolliderte med ein buss, er no til saman tre av dei fire som vart skadde sende til Haukeland universitetssjukehus.


Dei to kvinnene i 50-åra vart sende til Haukeland med ambulansehelikopter søndag ettermiddag. Seint søndag kveld melde Helse Førde på Twitter at ein tredje person, ein mann fødd i 1959, var sendt til Haukeland med ambulansefly.


Dei to mennene som var involverte i ulukka, skal vera alvoreleg skadde.


 


Les meir om: Nyhende Helse Sogndal Trafikk