KONTROLL: 88 tunge køyretøy vart kontrollerte på Håbakken tysdag kveld og natt til onsdag. (Arkivfoto)

Tre fekk gebyr for overlast på Håbakken

Å ha med seg tyngre last enn det vogntoget er registrert for, kosta tre eigarar kvar sine 5.000 kroner.

Publisert 08.11.2017 kl. 06.13. Oppdatert kl. 06.19.

Dei tre ovelastgebyra vart skrivne ut under ein kontroll på Håbakken tysdag kveld og natt til onsdag. Ved sida av til saman 15.000 kroner i overlastgebyr, skreiv kontrollørane frå Statens vegvesen ut eitt gebyr for utslitte dekk og to gebyr fordi køyretøya mangla dokument eller vognkort.


Ei avskilting

I løpet av den tida kontrollen stod på, var til saman 88 tunge køyretøy innom kontrollplassen. Av desse vart 25 køyretøy kontrollerte.


Kontrollen resulterte i 13 mangellappar og eitt avskilta køyretøy. Sistnemnde fordi eigaren hadde sløyfa periodisk køyretøykontroll. Fem køyretøy vart ilagde bruksforbod.


I kontrollen synte det seg at ein varebil hadde feil på ABS-bremsane. Sjåføren fekk pålegg om å køyra til næraste verkstad for å få utbetra feilen. På eit vogntog fann kontrollørane feil på bremsane på semitralla.


Siste saker Gå til framsida