TRAFIKKULYKKE: Måndag morgon skjedde det ei trafikkulykke inne i Fretheimstunnelen. Det er ikkje meldt om personskade i ulykka. (Arkivfoto)

Trafikkulykke i Fretheimstunnelen måndag morgon

Fretheimstunnelen var stengd i vel ein time måndag morgon, etter eit trafikkuhell inne i tunnelen.

Publisert 12.03.2018 kl. 10.28. Oppdatert kl. 10.37.

- Meling om trafikkuhell i Fretheimstunnelen i Flåm: Ein bil involvert, og det skal ikkje vera personskade, melde operasjonssentralen i Vest politidistrikt på Twitter måndag føremiddag.


Ulykka i tunnelen, som ligg på E16 i Aurland, vart meldt like før klokka 08.20 måndag. Både politipatrulje og bilberging vart kalla ut, og like før klokka 09.30 melde Statens vegvesen om at tunnelen var open att.


Føraren av bilen vart teken med til legevakta for undersøking. Politiet opplyser måndag føremiddag at det blir oppretta sak etter ulykka.