SYNLEG BEVIS: Kaptein Anna Hjellum får overrekt pokalen frå krinsen sin representant og dagens dommar Jarle Andersen, som bevis på at krinsmeistertittelen er i hamn.

Toppa perfekt sesong med pokal

Lærdalsjentene har ikkje tapt ein einaste kamp denne sesongen.

Publisert 05.11.2017 kl. 20.57.

Dei har ikkje tapt ein einaste kamp denne sesongen, og hadde sjøvlsagt ingen planar om å lata Eikefjord få nokon lett match i kampen om KM-tittelen iJ13/14årsklassen.


Jamn start

Etter ein jamn start byrja lærdølene køyret 13 minutt ut i kampen, då Sila Einemo ordna med leiing. Agnethe Gjerde Stølen la på til 2-0 eit snaut minutt seinare, medan Alise Bjørkum auka til 3-0 godt 20 minutt ut i kampen. Då dommar Jarle Andersen frå Syril bles av for pause var løpet i røynda køyrt for gjestene frå Sunnfjord. Då stod det nemleg 5-0 til heimelaget etter at Einemo go Bjørkum hadde skåra nok eit mål kvar.


Aldri truga

I andre omgang datt tempoet ein smule, men heller ikkje mindre enn at Agnethe Stølen skåra to mål til. Rett nok skåra Eikefjord også to, men sigeren var naturleg nok aldri truga og Stina Ljøsne fekk æra av å fastsetta resultatet til 8-2 sekundar før slutt.

- Det er faktisk med litt blanda kjensle eg står her - for eg er så utruleg stolt, det er heilt sjukt at me har vunne, seier kaptein Anna Hjellum.

- Men me har grua oss til denne kampen her, altså. Og me måtte kjempa frå første stund, i alle fall fram til me byrja å skåra mål. Då losna det heldigvis!


Kjempeprestasjon

- Det hadde vore ein kjempeprestasjon sjølv om me hadde blittnummer to, seier trenar Kjell Olav Bjørkum.

-  Eg trur ikkje dette har skjedd så veldig ofte tidlegare her i Lærdal, seier han, som saman med Jan Tore Stølen har trent jentene sidan dei var miniputtar.

Trenaren trur hemmelegheiten er at jentene legg ned enorm innsats på trening. Og at dei har særs godt oppmøte.

- Det er stort sett 100 prosent frammøte heile tida. Jentene veit at viss me er få på trening, blir kvaliteten på treninga også dårlegare for dei som er der. Det er noko dei verkeleg tek på alvor - og som dei skal ha all ære for.


Gledestårer

- Det hadde nok blitt ein del tårer viss me hadde gått gjennom  heile sesongen, vunne alle kampane - og så tapt i finalen, trur kaptein Hjellum.

- I dag blir det i så fall berre gledestårer. No skal me feira med pizza og berre ha det kjekt i lag, det er det som er det finaste med dette her. Me har eit utruleg godt samhald på laget, seier ho.



Siste saker Gå til framsida