AVREGISTRERT: Det vart avregistrert to tilhengarar under ein kontroll på Håbakken i går kveld og natt. (Arkivfoto)

Tok skiltet på tilhengar

Ein tilhengar på eit vogntog var avregistrert grunna manglande periodisk kontroll og tekniske manglar under ein kontroll på Håbakken i går kveld.

Publisert 31.01.2018 kl. 06.40.

Sjåføren i det norske  vogntoget vert også meld til politiet for fleire brot på køyre- og kviletida, manglande døgnkvile.

15 tunge køyretøy vart kontrollerte, sju av dei fekk skriftlege manglar. Det vart skrive ut eitt gebyr for eit vogntog som hadde mønsterdjupn på dekka på under fem millimeter.

Eit norsk vogntog hadde feil på ABS bremsane på tilhengaren. Han fekk køyra til næraste verkstad for kontroll.  Ein tilhengar på eit norsk vogntog vart avregistrert fordi køyretøyet tidlegare hadde fått ein teknisk mangel. Denne mangelen var feil på bremsar og var ikkje ordna opp innan fristen.

Ein lastebil med prøveskilt frå Estland fekk køyreforbod då det ikkje er lov å nytte prøveskilt frå Estland i Norge. Føraren må skaffa norske prøveskilt før vidare køyring.

Ein førar frå Slovakia fekk åtvaring på køyre- og kviletid grunna for korte vekekviler.


Siste saker Gå til framsida