VIKAFJELLET: Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd grunna skredfare. Biletet er teke ved Hola fredag morgon. (Webkamera: Statens vegvesen)

To stengde vegar fredag morgon

Fredag morgon er riksveg 13 over Vikafjellet og fylkesveg 152 ved Alstokka i Balestrand framleis stengde grunna snøskred.

Publisert 26.01.2018 kl. 06.11.

Både vegen over Vikafjellet og den rasutsette strekninga ved Alstokka skal vurderast på nytt fredag, skriv Statens vegvesen på trafikkmeldingssida si.


På fylkesveg 152 vart arbeidet med å rydda raset starta klokka 9 fredag.


- Me må sjå kor lang tid arbeidet tek og korleis det ligg an, seier Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen.


I 11.30-tida startar arbeidet med å rydda eit større ras som har gått i Kvassdalen, i hordalandssida av Vikafjellet.


- Det blir ny vurdering av Vikafjellet klokka 14 fredag, men det er ikkje dermed sagt at vegen blir opna, seier Erikstad.


Les òg: Dette raset stengjer Vikafjellsvegen


Fjellovergangane

På dei andre vinteropne fjellovergangane i Indre Sogn er det fri ferdsel fredag morgon. Fylkesveg 53 Årdal-Tyin, som var stengd grunna uvêr heile torsdagen, vart opna att like etter klokka 21.30 torsdag kveld.


Like før klokka 06 fredag var det temperaturar like under null på fjelovergangane. På fv. 50 Aurland-Hol var det opphaldsvêr, medan det var lett snøvêr på E16 over Filefjell og fv. 53 Årdal-Tyin.


Det var ikkje lagt ut opplysningar om vêr-og køyretilhøva på rv. 52 over Hemsedalsfjellet tidleg fredag morgon.


Siste saker Gå til framsida