To ruskontrollar

Publisert 11.08.2017 kl. 06.32.

Torsdag kveld og natt til fredag hadde både Utrykningspolitiet og den lokale politivakta i Indre Sogn ruskontroll på Årdalstangen. UP kontrollerte 29 bilførarar, medan patruljen frå det lokale politiet testa 42 bilførarar for rus. Ifølgje Twitter-meldinga frå politiets operasjonssentral i Florø, bles samtlege av dei 71 kontrollerte bilførarane grønt i kontrollen.


Siste saker Gå til framsida